Reiser

Gårdsgutten fra Flatøy  likte ikkje å reise, sa han; det var best heime. Så traff han Kristin...

Reise Kronologi

1973: Sverige og Finland

1975 fremover: Svalbard

1979 (?) Italia og Jugoslavia

197?-1989: Speiderleirer Norge rundt

1983: Sverige

1984: New York, Connecticut USA, Danmark, England, Wales

1986: Ungarn

1988: Sverige

1989: Nederland

1990: India, Bangladesh

1991: Nepal, Thailand, Singapore, India

1992: Pakistan, India, Sri Lanka

1993: Nepal, Hong Kong, Guangzhou, Hangzhou Kina, Kobe, Osaka Japan, California USA

1999 - 2000: Wyoming, Colorado, New Mexico , Texas, Oklahoma USA

2000: Hawaii, Australia, Singapore, Malaysia, Bangladesh, Italia

2002: Finland, Polen

2004: Island, Connecticut, Texas

2005, 2006: Tanzania, Kenya

2007: Etiopia

2008: Tanzania, UAE, Nepal, Bangladesh

2010: Israel, Palestina og Jordan

201?: Bolivia, Peru, Maryland?

2016: Maryland, Connecticut USA

2022: Spania

2022: Levanger


Svalbard

Mange mange ganger


Atle.Austegard@geo.uib.no

Fri, Jan 20, 2006, 2:27 PM

Hei,

 og takk for flotte videoopptak. Erik ser ut til å væra sterk både i muskulatur og stemmebånd!

No er eg på Svalbard saman med di mor, og vi har nettopp sett videoene saman. I går var vi ute saman med eit "lokalt" par (han gruvearbeider, ho lærar og gjekk på gymnas saman med Kristin) og feira Kristins 58-årsdag.

 Her har det vore mildvær i to veker; på mandag var det 7 varmegrader, det varmaste som har vore målt i Longyearbyen i januar. Samtidig er det 30 minus i Finnmark, og full storm som har vart i fleire dagar, og som enno ikkje er ferdig (men du veit vel det meste gjennom norske nyheter på internett).

 Ha det godt og hels Lisa, Doris og Erik!

-pappa

Tanzania og Kenya

2005, 2006

Fra: Atle Austegard <Atle.Austegard@geo.uib.no>

Subject: Litt av kvart

Mar 16, 2005, 11:31 AM

Hei,

No er eg vel heim att frå Afrika. Vi var i Dar es Salaam 12 dagar hjå Tove og Stein. Vi var ei helg på Zansibar og ei helg i ein nasjonalpark, Mikumi. Zansibar var som Bangladesh, men med litt ferre folk og nesten ingen tiggarar. Vi budde i Stone Town, en gammal bydel, og drog ut til eit finare hotell for bading og middag. Vi flaut som nokre korkar i vatnet; saltgehalten må væra svert høg. Vi reiste også heilt sør på øya der vi såg delfinar og svømte med snorkel over nydelige korall-rev med fiskar i alle regnbuens fargar.  

I Mikumi såg vi alle slags dyr som var der, unntatt leopard (der skal væra ca 10 leopardar, men dei jaktar helst om natta). Vi såg berre ei løve før vi kjøyrde inn til hyttene vi overnatta i. Vi punkterte 10 meter før innkjørselen, og fekk god hjelp i å skifta til reservehjulet (kosta 2000 Tanzania shilling = 2US$). På tur i parken hadde vi hyra ein guide (dame i høghelte sko!). Dagen før hadde det regna, så vegane var gjørmete enkelte stader. Det endte med at Stein kjørte seg fast uti eit dike og vi måtte venta 1 time på hjelp. Men vi kom oss på vegen igjen og hadde ei fin oppleving med masse dyr på alle kantar. På vegen heim att hadde vi ei ny punktering (10 meter frå ein bensinstasjon). Heldigvis hadde vi fått ordna det første punkterte dekket Morogoro, så vi kunne (vha lokale) på  ny skifte hjul.  

På tirsdag drog vi til Moshi, nær Kilimansjaro. Vi håpte å få sett fjellet i all sin prakt (5895m), men det var skyer rundt toppen heile tida. Frå Moshi drog vi med eit lite fly (24 seter) til Nairobi. På fredag besøkte vi ein frå Eikanger som budde i Neiry, en by 180km nord for Nairobi. Der forsøkte han å oppretta ein skule for heimlause og gatebarn på ein gamal skule. Bygningane var gamle og måtte opprustast. Regjeringa hadde bevilga pengar til dette to gonger, men ingen visste kor pengane hadde tatt vegen (kva minister som hadde putta dei i eige lomme). Han var tidligare plattform-arbeidar i Nordsjøen, hadde jobba på Balkan og i Kenya for FM og Redd Barna, og levd 3 år i bushen i Kenya for å hjelpa foreldrelause barn (foreldra døde pga aids). Laurdag kom studentane (27 stk) mamma skal være veiledar for (saman med to andre lærarar fra NLA) i 2.5 veker i Kenya, og mandag drog Rina og eg heim 

Ha det godt, hilsen Pappa

Tanzania

2008


Feira Kristin sin 60 års dag på Zanzibar`